Næringskjede
- Næringsnett - Matvaresituasjonen
i verda - Opphoping
av skadelege stoff i næringskjedene - DDT -
PCB
![]() |
|
|
|
|
Næringsnett:
Bladlus syg
ikkje berre plantesafta frå roseblad, men den syg og plantesafta frå andre
planter, til dømes gras, brennenesle, selje osv. Marihøna lever hovudsakleg av
bladlus, men den lever òg av grangallelus og skjoldlus på gran og furu.
Eit næringsnett er ulike planter og dyr som er veva saman i eit komplisert nett. Dyr i eit næringsnett kan grovt delast inn i tre nivå; planteetarar (herbivorar) er dyr som lever av friske planter. Desse vert ofte kalla 1. konsumentar eller 1. forbrukarar.
Gruppe 2 er
kjøttetande(karnivorar). Desse er
dyr som lever av andre dyr eller tar næring frå levande dyr.
Desse vert delt inn i 2. konsumentar, 3. konsumentar, 4. konsumentar osv.
Den tredje
gruppa er dei(saprofage) som et døde planter og dyr. Desse vert saman med sopp og bakteriar kalla nedbrytarar.
Matvaresituasjonen
i verda:
I Kina fann dei ut at dersom dei brukte marka til å dyrke grønsaker og frukt kunne dei få meir mat (energi) til kvart menneske, enn dersom dei til dømes hadde drevet med kyr. For dersom dei til dømes hadde nytta marka til dyrefor, ville kinesarane berre fått om lag 10% av ressursane sine. Grunnen til dette er at for kvar ledd i næringskjeda forsvinn 90% av energien i maten som t.d. varmeenergi (som forklart i næringskjeda ovanfor). Derfor fann dei ut at ved å dyrke grønsaker i staden for, kunne dei få meir ut av jorda noko som betydde meir mat som kunne metta fleire menneske enn kyrne kunne. Ris er jo den viktigaste næringskjelda til kinesarane. Nett som potetene for oss nordmenn!
Opphoping
av skadelege stoff i næringskjedene:
![]() |
![]() |
Grunnen til at dette er farleg er fordi folk og dyr kan bli ufruktbare
og i verste fall tvekjønna. Det einaste me kan gjera er å stoppa desse
utsleppa som fører til desse opphopingane.
DDT: (opp
igjen) DDT er eit sprøytemiddel
som blei brukt til plantevernsmiddel og insektutrydding (blant anna prøvde dei
å utrydda malariamyggen). Så viste det seg at naturen ikkje klarte å bryte
ned dette giftmiddelet og det hopa seg opp i næringskjedene.
PCB: (opp
igjen) PCB er ein hormon-immitator.
Det vart brukt i malingproduskjon og plastproduksjon. Men så viste det seg at
naturen ikkje klarte å bryte ned dette heller og det hopa seg opp i næringskjedene.
Det er PCB i Stord kommune
òg! Dersom du ønskjer å lese meir om akkurat det klikker du
her.
Du kan også gå inn å lese meir om DDT og PCB på læremål 3e.