Populasjonar.

 

Ein populasjon ( bestand ) er ei gruppe organismer av same art som lever på eit bestemt og avgrensa område.

Det kan til dømes vera; ein hjortepopulasjon i ein skog, ein bjørkepopulasjon i ei li, ein tangpopulasjon i fjæra eller ein rypepopulasjon på fjellet.

Fleire populasjonar som lever ilag på same området dannar eit samfunn.

Populasjonsvekst

I 1944 vart det sett ut 29 rein på ei øy i Alaska. Der var det ingen naturlege fiendar for reinen så bestanden vokste svært raskt. Ja, i 1963 var bestanden kome opp i heile 6000 dyr. ( ”Natur-liv og lov” – Furuset/Hagerup ).

Ein slik vekst vil alle populasjonar oppleve dersom omgivnadene deira vert lagt til rette med nok mat og plass og utan naturlege fiendar.

Men derimot kor raskt ein populasjon vil vekse er avhengig av kor mange avkom kvart dyr får i løpet av ei viss tid. Dette varierer sjølvsagt mykje frå art til art. Til dømes får reinen kun ein kalv i året, medan ei kjøttmeis gjerne legg 10 egg i ein hekkesesong. Nokre artar derimot veks meir ujamt, til dømes så har lemen ein nesten eksplosjonsarta vekst om lag kvart fjerde år for så å synke igjen.

 

Men ingenting kan halde fram å veksa i det uendelege, heller ikkje populasjonsveksten- før eller seinare vil veksten ta slutt. Slik gjekk det også med reinsdyrpopulasjonen på øya i Alaska som i 1963 var oppe i 6000 dyr - den vart aldri større.

Øya var ikkje stor nok til så mange dyr. Det vart mangel på mat fordi vegetasjonen vart heilt nedslitt, så dyra svalt i hel, og tre år seinare var bestanden heilt nede på 42 dyr.

Ein slik eksplosjonsarta vekst, med slikt utfall som denne reinsdyrpopulasjonen hadde er det heldigvis ikkje ofte me ser.

Alle populasjonar vil som sagt vekse dersom omgivnadene er dei rette, men før eller seinare vil populasjonsveksten i eit område stagnere. Då er populasjonen blitt så stor at det vert mangel på mat, skjuleplassar mot rovdyr, yngle/hekke- plassar, og sjukdommar vil òg spreie seg lettare. Så etter kvart vil det døy like mange som det veks opp. Då er populasjonsveksten lik null, og me har nådd bæreevna til området.

Me kan framstilla dette slik :

         

 

 

 

 

 

 

Dette kallar me ei J-kurve.  Den viser ein eksponentiell vekst

( ukontrollert vekst ), som er slik alle populasjonar vil vekse før dei når bæreevna til området.

Då vert kurva slik :

No er kurva blitt til ei S-kurve. Den kallast ei sigmoid kurve, og viser ein kontrollert vekst.

Men ein populasjonsvekst kan òg vera negativ. Dvs. at populasjonen ikkje klarer å halde seg på bæreevne – nivået. Då har populasjonen ( eller andre populasjonar ) utvikla seg slik at den ikkje er godt nok tilpassa omgivnadene sine, og den kan døy. Dette skal me sjå nærmare på seinare.

 

 

 

 

Tilbake til naturfagsida